RE: https://framapiaf.org/@davidrevoy/116528354348935659

Og her er den nynorske omsetjinga av stripa denne veka: https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/051.html

Eg har ikkje tipsa om stripene frå dei siste vekene, så her kjem det, litt forseinka:

I episode 50 oppdaga eventyraren farane med lynreiser: https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/050.html

I episoden før møtte han på manipulerande (interiør)design: https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/049.html

På slutten av episode 48 kunne eventyraren kanskje minna litt om vår eigen Oskeladden, «som har slikt å gjera – har slikt å bera»: https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/048.html

I episode 47 prøvde han lukka og utfordra skjebnen: https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/047.html

Og i episode 46 fekk forkortinga KI ei ny tyding (iallfall i nynorskversjonen vår): https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/046.html

#teikneseriar #tegneserier #nynorsk #norsk #frikultur #norsktut #allheimen

RE: https://framapiaf.org/@davidrevoy/116290993835705160

Denne stripa var utfordrande å omsetja, då me ikkje har eit slikt «standard­spørsmål» på norsk (og spesielt ikkje med referanse til Monty Python eller annan populærkultur). Men eg synest me klarte å få til ei grei løysing, sjølv om ho vart litt annleis enn originalen. Døm sjølv: https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/045.html

#teikneseriar #tegneserier #nynorsk #norsk #frikultur #norsktut #allheimen

Arild Torvund Olsen og eg har endeleg fått omsett dei siste episodane (episode 27–39) i David Revoy (@davidrevoy) sin humoristiske teikneserie Mini­fantasy­teateret til #nynorsk. Denne gongen handlar det mykje om KI (dvs. Kvitrande Intelligens): https://www.peppercarrot.com/nn/webcomics/miniFantasyTheater.html

Heile serien er tilgjengeleg under #CreativeCommons (CC BY-SA 4.0).

#teikneseriar #tegneserier #frikultur #norsktut #allheimen

David Revoy (@davidrevoy) har i dag lagt ut ein ny episode i den humoristiske og nydeleg teikna serien om Pepar og Gulrot, ei ung heks og katten hennar. Og eg og Arild Torvund Olsen har omsett episoden til #nynorsk: https://www.peppercarrot.com/nn/webcomic/ep39_The-Tavern.html

Veldig fin episode! Og han var ekstra gøy og utfordrande å omsetja, då det er ein song på rim med.

Serien er tilgjengeleg under #CreativeCommons (CC BY 4.0).

#teikneseriar #tegneserier #frikultur #norsktut #allheimen #omsetjing #oversettelse #peppercarrot